På grunn av vår lokalisering midt i eit turistområde, er ein stor del av oppdragsmengda vår boring etter vatn til hytter. Me har moglegheit til å ta boreoppdrag på dei fleste hytter, alt frådei som har bilveg til døra, til dei som ligg fleire hundre meter frå bilveg.

Ligg hytta di langt frå bilveg forutset dette sjølvsagt løyve til motorisert ferdsel i utmark i frågrunneigar og kommune. Vår borerigg er spesialtilpassa for boring på hytter som ligg eit stykke frå bilveg. Me har i slike tilfelle veldig god erfaring når det gjeld boring på seinvinter og vår, fordi ein då kan belte boreriggen på snoveg. På denne måten vil ein unngå skader i terreng og myrer kan passerast. Me leverar pumpeanlegg til hytter der det er innlagt straum, aggregat eller om einynskjer ei gamaldags håndpumpe. Ein frostsikker vasspost på hytteveggen er det meoftastmonterar. Andre løysningar kan me også tilby.