Dagleg leiar, Knut Olav Edland, hadde allerie i 2008 jobba i fleire år innan bransjen med pumpemontering og vedlikehald av eldre brønnar for Vinje Brønnboring.

Firmaet består òg av Odd Steinar Edland som hovudsakleg tar seg av boring og montering.

Firmaet har i dag ei komplett boreekvipasje, med moglegheit til å ha boreriggen på flak på bil, eller på maskintralle, samt ein kompressor på flak. Dette gjer oss fleksible og i stand til å utføre dei fleste boreoppdrag
som dukkar opp. Eigenprodusert borerigg i lettvektarklassa gjev minst mogleg avtrykk i natur og mark, dette gjev også moglegheit til belting på snoveg. I tillegg har me sertifisering til å utføre kapasitetsauking ved
sprenging.

Den beste reklamen er fornøgde kundar! Derfor ynskjer me ein tett kontakt med kunden slik at me saman kan finne den beste løysinga for kvar enkelt. Vår målsetting er at kunden skal vera 100% fornøgd med vårt arbeid.